Jentelaget og gutelaget spelar på stadion fredag

Denne vekas fotballaktiviteter vert avslutta med både jente- og gutekamp på Naustdal stadion, då laga tek imot henholdsvis Førde 1 og Askvoll/Holmedal.

Jentelaget er som vi veit eit samarbeidslag mellom Tambar og Eikefjord, og laget har fram til i dag to seierer og eit tap i årets serie.
Kampen i morgon startar kl.17.00 og Tore Personbråten er dommar.

Gutelaget spelar i år både 7er og 9er fotball, alt etter kor mange spelarar laget har til rådigheit. Gutane står med to seierer og to tap i årets sesong, og tapte 7-4 då laget møtte Askvoll/Holmedal på bortebane.
Kampen har avspark kl.19.00 fredag.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse