Jente 11 og Gut 9 starta sesongen på stadion i kveld

Både Tambar sitt J11-lag og G9-lag starta sesongen og sin fyrste seriekamp på Naustdal stadion i kveld. Tidligare har desse laga berre deltatt på Kongleriket Turneringane, men får denne sesongen mange fleire kampar då dei i tillegg er med på seriespel.

Jente 11, som består av jenter frå klasse 2004, spela sin kamp mot Førde 5 i kveld. Det vart ein spennande og jamn kamp, der jentene frå Førde vann kampen 6-3. Men Tambarjentene hang ikkje med hovudet av den grunn, og trener Svein Øverland gav jentene velfortent ros for innsatsen etter kampen.

Parallelt med jentekampen spela Tambar sitt Gut 9 lag mot Eikefjord. Også i denne kampen klarte Tambarlaget seg fint, og gjorde ein flott innsats. Laget scora mange mål, og hadde ein god ledelse på Eikefjordingane. Men dei oransjekledde kom tilbake i kampen og klarte nesten å hente opp att heimelaget som til slutt vann 7-5.

Gode dommarar var Stine Hukset, som dømte jentekampen og Aleksander Helgås Fauske, som dømde gutane.

BILDER FRÅ BEGGE KAMPANE: https://picasaweb.google.com/111734810312800259114/J11OgG9280414

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse