Elise og Ingrid uttekne til SSF-serien 2014

Tambarspelarane Elise Dobbe Personbråten og Ingrid Ask Nordnes (bilde) er uttekne til det nyoppretta Sparebanken Sogn og Fjordane-serien. SSF-serien erstatter det som tidligare heitte Bylagsserien, og har si fyrste samling for 13 åringane på Reed 29.mars.

Sparebanken Sogn og Fjordane er SFFK sin største og viktigaste samarbeidspartner, og SSF er ein betydeleg bidragsytar til SFFK sine spelarutviklingstiltak.

Derfor innfører SFFK i 2014 SSF-serien for mange av fylkets lovande 13-åringar. SSF-serien er i praksis ein sonelagsserie der Nordfjord, Sunnfjord og Sogn deltek med kvar sine gutelag og jentelag. Det vil bli spelt seks turneringsdagar frå mars til desember: Tre 9er-turneringar og tre 11er-turneringar. Til 11er-turneringane vil troppane bli utvida med nokre 14-åringar fødd siste halvår. Troppane er dynamiske og dei soneansvarlege vil derfor foreta eigne uttak/innkallingar til kvar turnering. Begrepet "Bylagsserien" vil i så måte falle bort og bli erstatta av "SSF-serien".

Årets første turneringsdag i SSF-serien går av stabelen på Reed lørdag 29. mars og dei soneansvarlege har tatt ut følgjande spelarar til denne turneringa:

Sunnfjord jenter:
Emilie Eimhjellen, Askvoll Holmedal IL
Mariell Loftheim, Askvoll Holmedal IL
Ingeborg Ringstad, Askvoll Holmedal IL
Sara Vik Søvde, Førde IL Fotball
Rakel Vilnes Helgheim, Førde IL Fotball
Anna Sandvik Gloppen, Førde IL Fotball
Kaja Huun Møvik, Førde IL Fotball
Thea Salbu, Dale IL
Elise Dobbe Personbråten, Tambarskjelvar IL
Ingrid Ask Nordnes, Tambarskjelvar IL
Karoline Akselsen, Eikefjord IL
Ellemine Ellingsund Øyra, Eikefjord IL
Hege Gjesdal, Eikefjord IL
Lea Helgås Vågen, Florø SK

Uttak: SA Magn Henning Helgås

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse