Daniel scora to då Førde slo Eid 4-1

Naustdalsgut og tidligare Tambarspelar, Daniel Grimset Kvalvågnes, scora tirsdag kveld to mål for 2.divisjonslaget til Førde då dei vann treningskampen mot Eid med 4-1. Kampen vart spelt på Hafstadparken i Førde, og stillinga til pause var 2-1. Daniel sendte heimelaget opp i 1-0 og 3-1 til Førde.

Daniel meldte overgang til Førde i 2012, etter at han hadde briljert i dei aldersbestemte laga til Tambar. Han vart og er ein frykta måltjuv, og var ein målgarantist for Tambar i dei åra han var i klubben. I 2013 sesongen spela han stort sett på 4.divisjonslaget til Førde, men fekk også fleire innhopp for 2.divisjonslaget. Daniel har som mål for årets sesong, å få meir speletid for førstelaget og etablere seg der.

Mest truleg vil vi sjå Naustdalsguten i årets 4.divisjonssesong når Tambar møter Førde 2 i dei to lokaloppgjera. Berre så synd han er ikledd kvit og ikkje gul drakt.

Vi ynskjer uansett Daniel alt godt og lukke til med sesongen.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse