Marius Storevik utteken til Statoil Regionsamling i Bergen

Marius Storevik frå Naustdal er utteken til Statoil Regionsamling i Bergen 28.-30. mars. Marius, som i år meldte overgang frå Tambar Fotball til Førde, er ein av fem gutar frå Sogn og Fjordane som er blitt utteken til denne samlinga.
På Regionsamlinga møter 26 gutar i klasse 1999 og 2000, frå klubbar i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.

Dermed fyljer Marius i fotspora til storebror Jacob. Han var Tambarkeeper då han vart utteken til Statoil Regionsamling på våren 2011.

Vi gratulerer Marius med uttaket og ynskjer han lukke til.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse