Treningstider på Naustdal stadion

Naustdal stadion har hatt flotte treningsforhold i lengre tid, etter at vinteren glimra med sitt fråvær i år. Dette er sjølvsagt optimalt for Tambarlaga som kan starte oppkøyringa mot sesongen ute på kunstgraset lenge før ein pleier.

A-laget har hatt faste treningar på stadion sidan nyttår, i tillegg til treningar laget har i Hafstadparken i Førde. Også andre lag har hatt nokre treningar ute i det fine vinterværet, og no kjem fleire lag som vil ut og trene.

I kalenderen er det no lagt inn treningar for lag som ynskjer å trene på stadion, og fleire kjem sikkert til. Treningstidene som blir sett opp no, blir berre førebelse tider fram til sesongstart. Når terminlistene for dei ulike Tambarlaga er klare, vil ein også finne dei i kalenderen.

SJÅ KALENDER:

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse