Innetrening for miniputt - årsklasse 2004

Det vert no starta opp med treningar inne for gutar og jenter i klasse 2004, der fyrste treninga vert onsdag 15.januar.
Kapasiteten for fotballtrening i Naustdalshallen er sprengt, difor vert Horstad skule teke i bruk for treningane 2004-kullet.

Ein ynskjer både tidligare fotballspelarar og nye i dette kullet velkommen til den fyrste treninga på onsdag. Deretter vert det fast onsdagstrening framover. Foreldre til spelarane møter også opp til fyrste samling.

Innetrening Horstad skule.
Jenter og gutar klasse 2004.
Onsdag 15.januar kl.17.30-19.00.
Ta med: Innetreningssko + minst ein forelder.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse