Naustdal stadion stengt for trening

Etter mange veker med mildvær og gode treningsforhold på Naustdal stadion, kjem no vinter og kulda for alvor, om vi skal tru værmeldingane.

Fleire Tambarlag har nytta seg av dei flotte treningsforholda som har vore før jul, og seinast fredag kveld (bilde) vart det gjennomført treningar på stadion. Bana låg då kvit, og det var nok ikkje optimale forhold for fotball denne kvelden.

Med kulda som no kjem vert stadion stengt for treningar inntil vidare.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse