Tambar sine smågutar anno 2006

I arkivet vårt har vi i dag funne fram eit bilde frå 2006. Bildet er frå ei innendørsturnering, truleg Førde Cup. Og det ser ut til at Tambar-smågutane har gjort det godt, der dei poserer for fotografen med både pokal og medaljer rundt halsen.

Vi registrerer at to av spelarane har bandasjerte armar. Om dette har skjedd i kamp på bana eller i fritiden, veit vi ikkje.

BILDET: Bak frå venstre: Vegard Aase, Sondre Herstad og Olav Hundershagen. Framme frå venstre: Henrik Aase, Iben Munkvold og Vegard Savland.
Foto: Ukjend.

Klikk på bildet for å få det større.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse