Kor er klubbhuset vårt?

Våren 2008 vart kampane på Naustdal stadion spelt på grus og stein, der støvet svei i augo, halsen var Sahara-tørr og skiten måtte gravast ut or øyro etter endt kamp. Mange sa at vi hadde den beste og flottaste grusbana i fylket. Det kunne sikkert stemme det, berre så trist at bortimot alle rundt oss spela på kunstgras og ikkje grus.

Mykje endra seg når serien vart sett i gang att på hausten dette året. Med det flunkande nye, grøne og fine kunstgraset på plass, var det jubel og sang blant fotballspelarar og trenarar i klubben. Bana vart åpna med brask og bram, der både ordførar og fotballkrets hadde berre godord og seie.

Med ny bane og heilt andre forhold for både trening og kamp, fekk vi sjå ein heilt anna kvardag for spelarar i bygda. På dei aldersbestemte klassane har det altid vore jobba godt i klubben, både på grus og gras. Endå fleire av Tambarspelarane har utmerka seg etter at kunstgraset kom, og aktiviteten blant unge fotballspelarar har auka gradvis sidan 2008. Blant anna kan ein nemne at to Tambargutar har vore innom aldersbestemte landslag dei seinaste åra.(Utan å påstå at berre kunstgraset har æra for det!)

Tartandekke kom på løperbana i sommar, og gjorde stadion meir innbydande og komplett, der friidretten også har merka auke på sine treningar etter at nye-dekket kom.

Utan tvil, vi har fått eit flott Naustdal stadion. Men komplett? Nei!

Vi vil ikkje stogge der, vi vil ha meir!
Vi vil ha ny og større kiosk, der ”kokkane” kan få skikkelege arbeidsforhold. Vi må hugse på at ”vaffelbua” er i bruk på KVAR einaste kamp sesongen igjennom. Her vert det blant anna levert hundrevis av vaffler og lappar i ein lang fotballsesong, der foreldre gjer ein uvurderlig innsats.

Tak på tribuna hadde sjølvsagt vore bra. Å ha muligheiten til å sitte ”tørrskodd” hadde gjort kampane på stadion meir atraktive, og ikkje er det noko hokus pokus heller, å lage eit overbygg på for eksempel halve tribuna, i fyrste omgang.

DET VIKTIGASTE av alt er at Tambar Fotball får seg eit klubbhus. Høgtsvevande draumar og lite viktig? NEI!NEI! Tambar Fotball har starta på ein kulturjobb, nærare bestemt fotballkultur. Fotballkultur blir ikkje bygd over natta, og heller ikkje over ein fotballsesong, her må ein være tolmodig og flinke, og helst gå i samla flokk den same vegen…

Som nemnt tidligare har Tambar Fotball ein god fotballkultur på jobben som vert gjort i dei aldersbestemte klassane. Dei to siste åra har også seniorfotballen kome etter, og spesiellt i år der laget over all forventning rykka opp og der laget neste år spelar i 4.divisjon.
For dei som ikkje har fått det med seg: historisk!

Fotballkultur har med forankring i miljøet å gjere, det handlar om klubbfølelse og patriotisme, og at ein føler seg inkludert i eit felles miljø. Og det er her klubbhuset kjem inn.

På klubbhuset står alle pokalar og premier laga har vunnet opp gjennom åra, og vi mimra over KM-tittelen vi tok i 1997 og hugsar episoder vi gjerne hadde gløymt om ikkje pokalen stod rett framfor nasen på oss. Eller at eg ser på pokalen som eg var med på å vinne ilag med laget mitt i 2007.
På klubbhuset samlast vi før kamp, kanskje ein liten matbit og litt tyleprat, og legg siste taktikken før det brakar laust. Her samlast vi sjølvsagt også etter kampen, før nokon dreg heim, medan andre sit att ei stund til berre for å slappe av litt.
På klubbhuset er det nesten alltid åpent. Har du ein ”frikveld” frå fotballen, kan du alltid treffe kjente på klubbhuset. Det vert fort ein positiv samlingsplass for gutar og jenter i alle aldrer.
På klubbhuset kan laga ha sine foreldremøter og spelarmøter, styret ha styremøter osv, i lokaler som osar av fotballstoltheit og kultur.
På klubbhuset har Tambarlaga sjølvsagt sine avluttningsfestar for sesongen. Maten kan dei lage sjølv på kjøkkenet i klubbhuset, eller bestille nokre blingsar pizza frå Peppes.

Til og med i helgane er klubbhuset åpent. Då driv eimen frå nysteikt pizza over kunstgrasbana, og det vert trangt om plassen på ”brakka” når pizzaen vert servert og Liverpool-Arsenal vert vist på storskjermen denne ettermiddagen.

Treng vi eit klubbhus? JA !!!

PS! Ifylje meiningsmålingane vi har på sida vår (den grønne stemmeboksen oppe til høgre) er mange einige om at eit klubbhus er viktig,

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse