Treningstider i Naustdalshallen vinter 2013/14

Også i vinter har fotballgruppa fått færre treningstider enn det ein ynskjer i Naustdalshallen, der hallen vert einaste arena for fotballtrening i vinterhalvåret.
Sist vinter vart det vedteke i hovudlaget at kunstgrasbana ikkje skulle brøytast for snø, på grunn av slitasjen på kunstgraset ved brøyting. Slik vert det også denne vinteren.

Med sprengt kapasitet i hallen, vil difor fleire av laga måtte leige treningsarena utafor bygda. Sist vinter trena både senior, gutar og jenter på kunstgrasbana i Eikefjord. Også i år må nokre av laga utafor kommunegrensa for å trene.

Treningstidene i hallen er no klare, der ein har funne treningstider til dei eldste klassane, pluss seniorlaget.
I tillegg til treningstider på kveldstid, vil ein også denne vinteren køyre i gang fotballakademi med treningar på morgonen. Kva klasser som får dette tilbodet og starttidspunkt er ikkje klart.
På bildet ser vi dei fyrste deltakarane på Tambar Fotball Akademiet som vart arrangert i 2010.

Frå 2014 vil fotballgruppa også åpne opp for treningar på nokre lørdagar. Dette vert eit tilbod for lag som ynskjer å trene litt ekstra.

TRENINGSTIDER I NAUSTDALSHALLEN VINTER 2013/14:

Les mer: Trening inne


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse