Akademilaget med knepent tap i siste kamp

Tambarspelarane Elias Rognebakke, Jesper Tomassen, Martin Hukset, Marius Storevik og Markus Cirotzki spelte kveldens kamp for akademilaget til Førde, då Stryn var motstandar på Hafstad Idrettspark. Kampen var årets siste kamp i akademiserien for klasse G99, der laget består av spelarar frå Førde, Tambar, Jølster, Gaular og Askvoll.

I kveldens kamp var laget frå Førde det klart beste laget i fyrste omgang. Laget spela til tider mykje bra fotball, men hadde problem å skape dei heilt store målsjansane. Og utan målkjenning til nokon av laga i fyrste omgang, gjekk laga til pause med 0-0.

Førde åpna også fyrste omgang best, men utan å lage for mykje vanskar for Strynekeeperen. Midtvegs ut i omgangen gjekk Førde opp i leiinga, då Marius Storevik fekk skikkeleg treff frå 23 meter. Det knallharde skotet klistra seg heilt innunder tverrstanga og utagbart for keeper.

Stryn utlignar ti minuttar før kampslutt. Med nok ei scoring minuttet før full tid, dreg Strynlaget seieren i land med 2-1.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse