Tambar Fotball feirer seg sjølv

Tambar Fotball vil lørdag markere ein flott fotballsesong for klubbens seniorlag, der laget i år sikra opprykk til 4.divisjon og tok KM tittelen i 5,divisjon.
I tillegg vert dette også ein markering for klubbens trenarar, oppmenn/lagleiarar og dommarar som har brukt mange timar på dei aldersbestemte laga til Tambar Fotball denne sesongen.

Tambar Fotball har i anledningen invitert trenarar, lagleiarar, dommere, sponarar til a-laget og Naustdals ordførar til fotballfest på Dalen Næringssenter laurdag 2.november. Her vil det blant anna bli matøkt og utdeling av prisar, og sikker mange velvalgte godord til dei som fortener det.

For dei som ikkje er invitert, er det mulig å kome på festen etter at den høgtidlege delen er unnagjort. Om lag kl.22.00 vil dørene bli opna for dei som ynskjer og som har passert 18 år.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse