Jacob spelar NM-finale og TV-kamp lørdag

Naustdalsguten og tidligare Tambarspelar, Jacob Storevik, står i mål for Rosenborg, då laget møter Fyllingsdalen i NM-finalen for juniorar.

Rosenborg slo ut Lillestrøm i semifinalen, medan Fyllingsdalen tok skalpen på storebror Brann. Jacob har vore med på dette før, og Trøndarane kan ta sin tredje NM-tittel på like mange år om dei vinn på lørdag. Dei to siste var begge mot Brann, og møter også i år eit lag frå Bergen, då Fyllingsdalen sensasjonelt tok finaleplassen på bekostning av Brann.

Om du vil fylje juniorane sin cupfinale og Jacob Storevik i Rosenborgmålet, kan ein gjere det på NRK 1 lørdag 26.oktober. Kampen startar kl.13.50.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse