Keeperskule i Sogndal 25.-27. oktober

Terje Skjeldestad Keeperskule arrangerer keeperskule for keeperer i alderen 8-18 år på Fosshaugane Campus i Sogndal helga 25.-27.oktober.

Samlinga startar fredag ettermiddag og blir avslutta ut på søndagen, og det vert totalt 5 treningsøkter. Keeperskulen tilbyr overnatting på Campus.

Inkludert i påmeldingsavgifta er også billett til Tippeligakampen mellom Sogndal og Sandnes Ulf, ein svært viktig kamp for begge lag.

Keeperer frå Tambar Fotball som melder seg på, får refundert halve påmeldingsavgifta frå klubben.

Meir info på heimesida til Terje Skjeldestad Keeperskule: http://keeperskulen.no/Nyheiter/Nyheit/tabid/3304/ArticleId/16925/Keeperskule-i-Sogndal.aspx

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse