Tambargutar spelar i akademiserien

Tambargutane f.v. Markus Hjelle Cirotzki, Marius Naustdal Storevik, Elias Rognebakke og Martin Hukset spela i dag akademikamp på Hafstaparken i Førde. Gutane har i år delteke på treningar og kampar for akademilaget til Førde, og i dagens kamp mot Florø vart det 0-2 tap i ein jamnspelt kamp.
I tillegg til dei fire gutane, er også Jesper Tomassen med på laget, men måtte melde avbud i dag på grunn av sjukdom.


Akademiserien er eit nytt tiltak i regi av Sogn og Fjordane Fotballkrets, og har blandt anna denne infoen om tiltaket på si heimeside:

I 2013 har dei beste og mest motiverte unge spelarar fått tilbod om ein ny og forsterka kamparena: Akademiserien. I Akademiserien vil det bli spelt kampar i mest mogeleg reine årsklassar, og spelarane vil få tilgang på matching og referansar som vil styrke spelarutviklinga i fylket vårt.

Deltakande lag i Akademiserien er IL Jotun, Årdal FK, Kaupanger IL, Sogndal IL Fotball, Førde IL Fotball, Florø SK, Tornado Måløy FK, Eid IL og Stryn T&I.

Desse laga vert forsterka med spelarar frå sitt nærområde og sine naboklubbar, slik at så mange som mogeleg av våre beste spelarar får eit forsterka kamptilbod heile sesongen gjennom.


BILDER FRÅ DAGENS KAMP:

Les mer: Bilder 2013


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse