Naustdalsguten Jacob Storevik utteken på U17 landslaget

Naustdalsguten og tidligare Tambarspelar Jacob Storevik skal på ny spele fotball med flagget på brystet. Som sikkert dei fleste kjenner til, har Jacob sin fotballkvardag i Trondheim og Rosenborg BK, og det er heimesida til Rosenborg som i dag melder at Naustdalsguten er utteken til kampar med G17 landslaget.

G17 landslaget skal spele dobbeltkampar mot Ukraina i perioden 13.-17.oktober, der begge kampane vert spelt på Gjemselund stadion.

Vi gratulerer Jacob med uttaket og ynskjer han lukke til!

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse