Gratulasjoner og lukkeønskingar etter opprykket

Tambar Fotball har fått mange gratulasjoner etter at opprykket til 4.divisjon vart klart søndag ettermiddag. Både fotballkrets, lokale klubbar, privatpersonar og Naustdalsordføraren har vore ute med gratulasjoner etter det historiske opprykket.

Tambar sin hardaste utfordrer i årets sesong, har vore naboane i vest, Eikefjord. Sjølv om klubben ikkje nådde si målsetting om opprykk, og sikkert er svært så skuffa, legg dei ut ei fin helsing til Tambarlaget på heimesida si. http://www.eikefjord-fotball.no/

Sitat: " Gratulerer, Tambar!
Vi gratulerer Tambar som vinnar av avdelinga og soleis opprykk til neste års 4. divisjon. Vi ynskjer dei gulkledde lukke til neste år, og vi ser tilbake på ein artig og særs spanande sesong der Eikefjord og Tambar har vore som katt og mus i toppen heilt til siste spark på ballen. Vi seier som Ivar Hoff ein gong sa, ein fotballtabell er det ærlegaste som finnast. "

Vi takkar for helsinga, og ynskjer sjølvsagt Eikefjord velkommen etter til neste år!


I tillegg har vi også fått inn eit dikt om Tambar frå poeten Villy, som du kan lese ved å klikke på Lenkja: https://docs.google.com/file/d/0B3qDS8M_qJcYdmZvbW1wNUhIMHc/edit?usp=drive_web

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse