Fotballpresidenten vitja Naustdal stadion tirsdag kveld

Tambar Fotball hadde storfint besøk på Naustdal stadion tirsdag kveld, i forbindelse med smågutekampen mellom Tambar og Sogndal.

Sjølvaste fotballpresident Yngve Hallèn var til stades under kampen, der han overvar kampen og helsa på representantar frå Tambar Fotball.

Fotballpresidenten seier han prøver å få med seg ein del av smågutekampane til Sogndal, men får langt ifrå med seg alle. Dette på grunn av travle dagar i Tigerstaden, der han seinast på fredag var med å ansette Norges nye landslagssjef Per-Mathias Høgmo.

Etter det vi kjenner til, er det fyrste gong ein fotballpresident har sett sine føtter på Naustdal stadion.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse