Offisiell opning av Naustdal stadion - byggesteg 2

Naustdal stadion vart i sommar komplett, etter at byggesteg 2 for anlegget vart ferdig. Stadion gjekk frå grus til kunstgras sommaren 2008, og har no fått friidrettsanlegget oppgradert.
I tillegg til at ein kan springe på tartan rundt heile bana, har anlegget fått oktant der ulike aktiviteter kan utøvast.
Tennisbana har vore mykje brukt etter opninga, og det er tydeleg at både unge og eldre har gleda av denne nye aktiviteten på stadion.
Også lengdegrop og kulekasteranlegget er blitt oppgradert, slik at her ligg det til rette for mange aktiviteter å prøve ut.

Den offisielle opninga er i morgon (lørdag 28.september) og programmet for opninga av Naustdal stadion byggesteg 2 ser slik ut:

Kl.13.30
- Tale og opning v/ Ordfører Håkon Myrvang
- Naustdal juniorkorps spelar
- Stafett
- Servering av kake

Kl.14.00
- Aktivitetar ved Barneidretten og Friidrettsgruppa

* Alle aktiviteter er gratis

Tambar Fotball sitt småjentelag har salg frå kiosken denne dagen. Her er det mulig å kjøpe svele, kaffi, is, juice, m.m. Inntektene av salget går til ein evt. deltaking på Norway Cup neste år.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse