Småjentene og gutelaget spelar på stadion torsdag

Både småjentelaget til Tambar Fotball og samarbeidslaget i guteklassen (G15/16), Eikefjord/Tambar, spelar kamp på Naustdal stadion torsdag kveld.

Gutelaget til Eikefjord/Tambar har spelt sine heimekampar i Eikefjord denne sesongen. I haust har laget sett opp to av kampane sine på Naustdal stadion, der den fyrste går mot Førde 3 i morgon.
Laget har starta haustsesongen med ein seier og eit tap, begge kampane på bortebane. I kampen mot Dale vann laget 5-0, medan Askvoll/Holmedal vart for sterke og vann 4-0.
Kampen i morgon startar kl.19.45, og kampens dommer er Jan Petter Sæbø.


Småjentelaget møter Gaular til kamp klokka 18.30. Tambarjentene spela ein god kamp sist fredag, då laget vann 3-0 mot Førde på Naustdal stadion. Om laget klarer å kome opp på same nivå i denne kampen, trur vi dei gjestande serieleiarane frå Gaular skal få kamp.
Dommer i denne kampen er Jørgen Helgheim.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse