Overgangsvindauge for amatør-/breiddefotball endra til 10.september

Norges Fotballforbund melder om at overgangsvindauget, eller overgangsvinduet som det så fint heiter, for amatørfotballen/breiddefotballen er endra frå 1.september til 10.september.

Sogn og Fjordane Fotballkrets skriv dette på si webside:

" Tidlegare har 1. september vore fristen for overgangar på spelarar mellom klubbar. No er denne fristen endra til 10. september.
Det som og er endra er at overgangsvinduet for overgangar for amatørfotballen/breddefotballen opnar igjen først 31. desember.
Det vil sei at det er muleg å gjennomføre overgangar frå 31. desember til og med 10. september, og at det ikkje er muleg å gjennomføre overgangar frå 11. september til 30. desember.

Alle overgangar skal gjennomførast i FIKS, der handsaminga er elektronisk.

Førespurnad om overgang må seinast opprettast 9.9, og førespurnaden må godkjennast av tidlegare klubb og bli betalt av ny klubb, same dag og før kl. 24.00 - for at overgangen skal bli godkjent før overgangsvinduet stenger.
For overgangar som blir registrert i FIKS 10.9, eller seinare, blir det først gitt speletillatelse 31.12.

Tidlegare har det vore muleg å gjennomføre overgangar på særskilt grunnlag etter at overgangsvinduet er stengt, til dømes ved flytting frå ein del av landet til ein annan. Dette er det no ikkje muleg å gjennomføre, då Norge er underlagt krav frå UEFA som tilseier at det ikkje skal praktiserast dispensering frå regelverket, då 10. september er sopass seint i sesongen at spelarar, foreldre, klubbar og lag har rimeleg god tid til å få spelarar klare til haustsesongen. "

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse