Vi held deg oppdatert på Engelsk fotball

Har du vore ein av dei som har leita etter tabellar og resultat frå Engelsk fotball inne på vår heimeside? Og ikkje funne det?
Vi har fått nokre henvendelsar frå fleire som har vore i same situasjon som deg. Ofte er det greit å sleppe å måtte hoppe over til andre websider for å finne det ein leitar etter.

For dei som leiter etter resultat, tabellar og komande kampar for Premier League og Championship, treng no ikkje å leite lenger.

På vår nye side finn du mykje av det du treng for å halde deg oppdatert. Klikkar du på laget ditt på tabellen, får du opp mykje info om laget. Her er historie og statistikk, og oversikt over alle spelarane på laget. Klikkar du på spelarane, får du i tillegg opp mykje info om denne spelaren.

Dette er sjølvsagt ikkje noko vi har laga til sjølv, men er henta frå heimesida til Soccerway.

Etterkvart vil vi utvide med same info frå fleire av ligaene i Europa.

Klikk deg inn på sida å ta ein kikk (link til sida finn du også i høgre kollonne > "Engelsk fotball"):

Les mer: Engelsk fotball


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse