Daniel spelar landskampar denne veka

Daniel Grimset Kvalvågnes deltek denne veka på Åpent Nordisk Mesterskap for G16-landslag, som vert arrangert på Hamar.
Norge stiller med to lag til dette mesterskapet, Norge 1 og Norge 2, der Daniel vart utteken til Norge 1.

Søndag fekk Naustdalsguten sin debut på det Norske G16 landslaget, då han spela omlag heile andre omgang mot Finland. Kampen enda 1-1, etter at Finland leia 1-0 til pause.

I tirsdagens kamp mot Færøyane var Daniel i startellevaren og vart bytta ut midtvegs i andre omgang. Kampen enda med 2-0 seier til Norge, som også var resultatet til pause. Daniel har enno ikkje funne nettmaskene i dei to kampane.

Neste kamp er mot England på torsdag kl.18.00, og finalerundane går lørdag 10.august.

Norge 1:

Amund Wichne - Mandalskam.
Krister Landa - Sandnes Ulf
Ludvig Begby - Fredrikstad
Adrian Ovlien - Kongsvinger TF.
Nikolas Walstad - Lillestrøm
Mathias Gjerstrøm - Nordstrand
Julian Ven Uldal - Viking
Håkon Lorentsen - Brann
Patrick Berg - Bodø/Glimt
Henrik Bjørdal - Aalesund
Emil Holst - Ham-Kam
Vladan Radojkic - Brann
Andreas Hanche-Olsen - Stabæk
Martin Thomassen - Hønefoss
Sivert Solli - Rosenborg
Badr Rahhaoui - Sarpsborg 08
Abdi Huka - Sandnes Ulf

Daniel Kvalvågnes - Førde IL

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse