Daniel Grimset Kvalvågnes utteken på landslaget

Naustdalsguten og tidligare Tambarspelar, Daniel Grimset Kvalvågnes, er utteken til G16 landslaget. Det er Sogn og Fjordane Fotballkrets som melder dette på si Facebookside.

Daniel meldte overgang til Førde frå Tambar sommaren 2012. Han spelar fast på Førde sitt 2.lag i 4.divisjon, og har innhopp for førstelaget i fjorårets 3.divisjon.

I sommar har Daniel delteke på Norsk Toppfotball si turnering i Trondheim, der han var med å forsterke Sogndal sitt lag. Daniel utmerka seg på ein svært positiv måte i denne turneringa, der alle elitelage i Norge stilte med lag. Daniel vart toppscorar i turneringa med seks mål, der han blandt anna scora alle måla til Sogndal i 3-2 seieren mot Viking.

Neste veke deltek Daniel og G16 landslaget på åpent Nordisk mesterskap på Hamar.

Vi gratulerer Daniel med uttaket, og ynskjer han lukke til !!

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse