Storscoraren frå Naustdal bøtter inn for Sogndal i NTF U16

Målgarantisten frå Naustdal, og tidligare Tambarspelar, Daniel Grimset Kvalvågnes, er i scoringshumør om dagen.
Førdespelaren spelar i desse dagar på Sogndal sitt G16-lag som deltek NTF U16 i Trondheim.

Søndag vann laget 5-1 mot Strømsgodset, der Daniel scora heile 3 mål. Mandag møtte Sogndal Viking, og vann 3-2. Her scora den tidligare storscoraren til Tambar like godt alle tre måla til Sogndal!! Med dette er Naustedølen toppscorer så langt i turneringa med sine seks mål.

Sogndal vann si pulje med to seierer og eit tap. Tapet kom mot Aalesund i fyrste kampen, der resultatet vart 0-1.

I morgon kan Daniel og spelarane på Sogndal gjere seg klar for kvartfinale. Der ventar Haugesund, og kampen starter kl.15.00

Dei andre kvartfinalane vert spelt slik:
Tromsø-Lillestrøm
Fredrikstad-Strømsgodset
Rosenborg-Molde

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse