Jacob Storevik avgjorde då Rosenborg gjekk til finalen i NTF U19

Naustedøl og tidligare Tambarspelar Jacob Storevik gjer det fortsatt meget bra i Rosenborgdrakta. Til dagleg trener ungguten frå Naustdalsbygda både med første og andrelaget til Rosenborg, og spelar blandt anna kampar for Rosenborg sitt andrelag i 3.divisjon.

Dei siste dagane har Jacob delteke i turnering for topplag, Norsk Toppfotball U19. Turneringa heitte tidligare JET-turneringa, der også Sogndal har hatt med lag.

Rosenborg og Jacob har gjort det svært så bra i turneringa, og i dagens semifinale vann Rosenborg på straffesparkkonkuranse mot Odd, etter 1-1 ved ordinær tid.
Dagens helt i straffedramaet vart Jacob, som fyrst redda straffe, før han scora på Rosenborg si eine straffa.

Rosenborg møter Vålerenga i finalen søndag.

Rosenborg sin veg til finalen:

Innleiande:
Rosenborg-Strømsgodset 4-3
Rosenborg-Tromsø 2-0
Rosenborg-Sandefjord 4-2

Kvartfinale:
Rosenborg-Start 2-0

Semifinale:
Rosenborg-Odd 1-1 (RBK vidare på straffer)


norsktoppfotball.no skriv blandt anna dette om kampen Rosenborg-Odd:

- "Jacob Storevik ble den store helten for Rosenborg. Først reddet han straffe og så skåret han på straffe i den avgjørende semifinalen i NTFU19 for Rosenborg. "

Les meir på Norsk Topp Fotball: http://www.toppfotball.no/ntfu19/article/1500bybxtvvmw1x785lerd9rhm/title/ntfu19-storevik-reddet-og-skaret-for-rosenborg

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse