Tambargutar til topps med Førde

Tambarspelarane Elias Rognebakke og Markus Hjelle Cirotzki bidrog i helga til at Førde gjekk heilt til topps i B-sluttspelet i Lerum Cup.
Dei to gutane frå Tambar var "innleigd" på Førde sitt G14-lag, der laget var nær på å gå vidare til A-sluttspelet. Men ei jamn og tøff gruppe, sendte laget til B-sluttspelet. Her vann laget 11-0 mot Førde 2 i kvartfinalen. I semifinalen vart resultatet 0-0, og laget gjekk vidare på flest corner.

I finalen var laget spelemessig overlegne, og Førde med Tambargutane på laget kunne juble for ein fortent 2-1 seier.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse