I dag vart løpebana på Naustdal stadion raud

Naustdal stadion onsdag 26.juni kl.19.30.

Med sol og tørt vær fekk arbeidarane som held til på Naustdal stadion, muligheit til å fortsette arbeidet med tartandekket.

Som de ser av bildet som er teke klokka 19.30 i kveld, har dei fått på det første av to lag med raud tartan. Morgondagens vær skal bli mykje likt det vi har hatt i dag, og vi kryssar fingarar og tær for at dei får gjort jobben ferdig.

Når det gjeld fotballtreningar på stadion, har vi enno ikkje fått tidspunkt når ein kan ta opp igjen desse. Vi vil gi ein lyd her på sida når det er klart.

- klikk på bildet for å få det større -

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse