Jan Magne måtte sykle til Eikefjord etter 1-0 seieren

Foto: Espen Eithun Langedal.

"Slår vi Eikefjord i dag skal eg sykle utatt i måra." Det sa Tambartrener Jan Magne Langedal før toppkampen fredag kveld.

Både spelarar og oppmenn fekk med seg den spontane uttalen frå suksesstrenaren. I tillegg fekk også speaker på Eikefjord stadion nyss i trenaren sin lovnad, noko som vart kringkasta i høgtaleranlegget i pausen.

Iben fiksa 1-0 til Tambar, og Jan Magne starta planlegginga av sykkelturen allerede på veg tilbake til Naustdal etter kampen.

Lørdag føremiddag sette han seg på sykkelen, ein sykkel han vann på lotteriet til Eikefjord Fotball, då dei spela sin fyrste heimekamp.

Om turen gjekk via Stavang, gjennom Naustdalstunnelen eller over Heia, er vi ikkje blitt informert om. Heller ikkje veit vi om han vart kjeppjaga når han vart oppdaga i Tambardrakt i Eikefjord denne lørdag føremiddagen. Heldig med været var han i vertfall!

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse