Tambar møter Eikefjord til bortekamp og toppkamp på fredag

BLIR DET MEIR JUBEL FOR TAMBAR?

Fredag 14.juni er det duka for toppkamp i 5.divisjon avd.2, då brakar nemlig Eikefjord og Tambar saman til naboduell i Eikefjordbygda.

Før den spennande kampen ligg oransjetrøyene på toppen av tabellen med 16 poeng, medan Tambar ligg hakk i hel med 14 poeng på andreplass.

Egentlig skulle denne kampen ha gått på Naustdal stadion denne dagen. Men på grunn av arbeidet som pågår på bana i Naustdal, vart klubbane einige om å bytte om heime- bortekamp i vår og haust. Det betyr at Eikefjord tek turen til Naustdal i september.

Eikefjord fekk sitt første poengtap i den siste serierunda, då laget spela 3-3 mot Eid 2 på Eikefjord stadion. Før det hadde laget til Trond "Ukkas" Olsen fem strake seierer. Eikefjord er rekna som det sterkaste laget i avdelinga, og har før sesongen henta inn ein del nye spelarar for å stå best mulig skodd denne sesongen. I tillegg tok Olsen over som trenar i haust, etter å ha vore trenar for Førde 2.

Tambar skal mest truleg ut i sin tøffaste kamp så langt denne sesongen, då dei møter Eikefjord på eige naturgras på fredag. Samstundes har laget fått ein god porsjon sjølvtillit etter tilbakekomsten til 5.divisjon.
Laget står med kun eit tap i årets sesong, og har overraska mange med sitt gode spel og mange scora mål. Dei har scora mest mål i 5.divisjon, og berre to lag har sluppe inn færre mål enn Tambar. Dette gjer at laget ligg på ein sterk andreplass før kampen mot Eikefjord.

Tambar har i år ein forholdsvis brei stall, og har knytta til seg to nye spelarar før sesongen. Nyetrenaren til laget, Jan Magne Langedal, har også vist at har kvaliteter i treningskvardagen og i kampleiing.

Sjølv om Tambar no måtte flytte kampen frå Naustdal stadion til Eikefjord, bør folk i Naustdalsbygda gå mann av huse og ta turen til Eikefjorden fredag kveld. Det er lenge sidan Tambar har spelt ein toppkamp i 5.divisjon!

RESULTAT RUNDE 6:

Bremanger-Tambar 2-5
Eikefjord-Eid 2 3-3
Selje-Loen 5-0
Stryn 2-Hornindal 3-1
Florø 3-Tornado Måløy 2 (Mandag)


BLI MED OG TIPP RESULTATET I KAMPEN !!

Tambar Kvissen er sjølvsagt oppe og går i denne kampen også. Tipp sluttresultatet i toppkampen mellom Eikefjord og Tambar. Flaxlodd blir det på den dyktigaste tipparen !

Les mer: Tambar-Kvissen


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse