Kommuneparken som treningsarena denne veka

Som vi tidligare har meldt her inne på sida, vert Naustdal stadion stengt for bruk av all aktivitet komande veke, 10.-17.juni. Dette på grunn av at det planlage arbeidet med legging av tartandekke skal sluttførast.

Alternativet for laga blir då å halde treningane i Kommuneparken. Graset vart slått sist veke, og skal være noko lunde brukande.
Idrettslaget/kommunen har lova å sette ned ein del av fotballmåla innan mandag ettermiddag.

Utifrå treningsplanen skal idrettsskulen/miniputt ha trening kl.17.00-18.00 mandag ettermiddag, i tillegg til G12 som starter kl.18.00.

Stenginga av bana får sjølvsagt konsesvensar også for laga som hadde oppsett kampar denne veka. Her må laga prøve å få flytta kampane sine til motstander si heimebane, evt. utsetje kampen. Vi veit at G11 har fått flytta sin kamp til Florø på mandag.

Kampar som blir beørt denne veka:

Mandag 10.juni: G11 Tambar-Florø 2
Tirsdag 11.juni: SMG Tambar-Florø 1
Fredag 14.juni: SMJ Tambar-Jølster 1
Fredag 14.juni: 5.div Tambar-Eikefjord

Komuneparken har også tidligare blitt brukt til treningar for Tambarlaga. Bildet er henta frå 2008, då Naustdal stadion fekk kunstgras.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse