Legging av dekke frå fredag - stadion blir stengt

Det vert meldt på hovudlaget si heimside, http://www.http://tambarskjelvar.no/, at arbeidet med å legge tartandekke på løpebana på Naustdal stadion tek til frå komande fredag. Arbeidet vil ta frå 5-7 dagar.
I perioden medan arbeidet med å legge dekket pågår, vil bana bli stengt. Også kunstgrasbana.
Dette betyr at alle treningar må foregå andre plasser i denne perioden. I tillegg er det nokre kampar som må utsetjast, eventuellt at laga avtaler å spele på bortelaget si bane.

Desse kampane vil truleg bli berørt:

Mandag 10.juni: G11 Tambar-Florø 2
Tirsdag 11.juni: SMG Tambar-Florø 1
Fredag 14.juni: SMJ Tambar-Jølster 1
Fredag 14.juni: 5.div Tambar-Eikefjord

I arbeidsperioden på Naustdal stadion kan det være mulig å flytte fotballmål ned i kommuneparken. Om lag vil gjennomføre treningar her, må det lagast ein plan for det. Kapasiteten er ikkje like stor her som på stadion.

Meir info vil kome.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse