5.div: Tambar spelar bortekamp mot Bremanger fredag - tipp resultatet

Trenar Jan Magne Langedal og oppmann Helge Sølvberg tek troppen med seg til Bremanger og naturgraset på Bremanger stadion på fredag kveld. Kampen skulle egentlig gått søndag, men er flytta to dagar fram.

Tambar spelte ein god kamp i siste runde og hadde fortent alle tre poenga mot Stryn 2. Men laget hadde ikkje marginane på si side, og måtte nøye seg med 1-1 og poengdeling. Laget ligg fortsatt på andreplass på tabellen, og ser ut til å kunne hamle opp med dei fleste laga i sin avdeling. Laget dreg til Bremanger med nesten alle mann friskmeldt, og går nok for seier også i denne kampen.

Fredag ventar ein vanskeleg kamp for Tambar mot eit Bremangerlag som er svoltne på seier og tre poeng. Laget har spela jamt med laga dei har møtt i vårsesongen, men står berre med ein seier og tre poeng etter fem spelte kampar.
Kampen Bremanger hadde mot Eikefjord i den siste runden viste på ny at dei er eit brukbart lag. Kampen var jamnspelt, men bortelaget var best framfor mål.

Bli med å tipp resultatet i kampen Bremanger-Tambar. Kampstart er fredag kl.19.30. Vi må difor ha ditt tips innan kl.19.25.

TIPP RESULTATET:

Les mer: Tambar-Kvissen


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse