5.divisjon: Tambar møter Stryn 2 på Naustdal stadion søndag

Tambar tek imot Stryn 2 i 5.divisjonsoppgjeret på Naustdal stadion søndag 2.juni. Begge laga har fått ein god start på årets sesong, og ligg som nummer to og tre på tabellen før søndagens kamp.

Tambar fekk sitt første tap for året sist søndag, då dei måtte returnere frå kampen mot Florø 3 med 1-3 i sekken. Laget står med tre seierer, ein uavgjort og altso eit tap i årets 5.divisjon. Laget vil nok gjere alt for at dei beheld andreplassen på tabellen etter søndagens kamp, men vil nok få god motstand frå rekruttlaget til Stryn.

Kampen på søndag startar kl.15.00, og ein håper bygdefolk møter opp og støtter unggutane frå Tambar Fotball.

Delta på Tambar Kvissen: TIPP RESULTATET I KAMPEN - VINN FLAXLODD:

Les mer: Tambar-Kvissen


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse