Bli med på Fotball-Søndag på Naustdal stadion

I morgon, søndag 12.mai, blir det fullt trøkk og fotball frå tidleg føremiddag til tidleg kveld, og over hundre kampar skal avviklast denne søndagen på Naustdal stadion.

Årets første Kongleriket Turnering er det Tambar Fotball som er arrangør for, og fyrste kampane vert blåst igang frå kl.09.30. Til denne turneringa deltek 69 lag frå Ålfoten, Svelgen, Florø, Eikefjord, Førde, Kvammen og Tambar Fotball, der spelarane er gutar og jenter i alderen 6-10 år.

Til turneringa er Naustdal stadion delt inn i 6 små baner der kampane vil gå pararellt, med 13 minutter lange kampar. Siste kampar vert blåst igang kl.14.00.


Når dei håpefulle små er ferdig med sine kamper i Kongleriket Turneringa, og har fått sine velfortente premiar, gjer vi oss klar til nok ein kamp på stadion. Då kan vi benke oss på tribuna for å la oss underhalde av 5.divisjonsoppgjeret mellom Tambar og Selje. Denne kampen starter kl.15.30.

Som kjent har Tambarlaget hatt ein god start i årets 5.divisjon, der laget har vunne sine to første kampar.
Gjestane frå Selje starta sesongen med tap mot Tornado Måløy 2, men fekk full pott mot Bremanger sist helg.

Tambar Fotball ynskjer bygdefolk og anna publikum velkommen til fotballdag på stadion, der ein får sjå barnefotball på sitt beste frå klokka 09.30.
A-laget ynskjer også publikum velkommen til laget sin andre heimekamp, og vil trenge god støtte om dei skal ta sin tredje strake seier av tre mulige.

KL.09.30-14.30 KONGLERIKET TURNERING. Kampoppsett: http://www.cupassist.com/resultater/vis.php?turn=kongleriket-naustdal-2013

KL.15.30 5.DIV AVD.2 TAMBAR-SELJE. Tipp resultatet og vinn pizza frå PEPPES!: http://www.klubbinfo.no/tambar/tambar-kvissen.html

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse