Målrikt på Naustdal stadion mandag kveld

Bilde: G11 Tambar-Svelgen.

Det vart scora mange mål på Naustdal stadion då Tambar møtte Svelgen til kamp i klasse G11, og samarbeidslaget til Eikefjord/Tambar tok imot Førde 3 i gutekampen G15/16.

G11 laget til Tambar låg under med nokre mål til pause, men gjorde ein god opphenting i andre omgang. Sjølv om laget ikkje greidde heilt å hente inn att laget frå Svelgen, kan laget være nøgd med resultatet som enda med 7-8 til gjestane.

God dommer var Jørgen Helgheim.




I gutekampen mellom Eikefjord/Tambar og Førde 3 litt seinare på kvelden, vart ikkje måla fordelt like godt mellom laga.
Sambarbeidslaget, som spela sin fyrste kamp for sesongen på Naustdal stadion, var for overlegne til at kampen vart særleg spennande.
Laget putta sitt fyrste mål i kampen allerede etter to minuttars spel, og hadde kontroll på Førdegutane kampen igjennom.
Heile 10-0 vann heimelaget, og tok med det sin første seier for sesongen.

God dommer var Jan Petter Sæbø.


Nokre bilder frå kampen G11 Tambar-Svelgen:

Les mer: Bilder 2013


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse