Ingen tippa rett resultat i kampen Tambar-Loen

Over tretti personar prøvde seg på vår uhøgtidlege konkuranse, der ein skulle forsøke å tippe resultatet i 5.divisjonskampen mellom Tambar og Loen.

Dei fleste tipparane var svært så optimistiske i tipsa sine i favør Tambar, der vi hadde tips på både 4-1 og 5-1. Men ingen hadde tru på at kampen skulle ende med 6-0 til Tambarlaget, og difor vert vi sittande med pizzaen frå Peppes ei stund til.

Neste helg, søndag 5.mai, spelar Tambar bortekamp mot Eid 2. Vi har fortsatt Peppespizza på lager, så tippar du rett resultat i denne kampen, kan den bli din.

TIPP RESULTAT EID 2-TAMBAR - VINN PIZZA FRÅ PEPPES:

Les mer: Tambar-Kvissen


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse