Både Eikefjord og Tambartrenar vann i går

Foto: eikefjord-fotball.no

Eikefjord vann serieåpninga i 5.divisjon avd.2 då dei vann 3-2 mot Florø 3 på kunstgraset i Eikefjord fredag kveld. Ved pause var stillinga 2-0 til heimelaget.

Trenar for Tambar sitt a-lag var også til stades på kampen i Eikefjord. Om han tok turen for å spionere på divisjonskollegaene i 5.divisjon, skal være usagt.
Eikefjordklubben slo på stortromma denne dagen, der dei blandt anna hadde åpning av den nye sittetribuna si og hadde fått ein av sponsorane sine til å stille med flunkande ny sykkel som vart lodda ut under kampen. Sykkelen til ein verdi av 5000.- kroner, kunne Tambartrenar Jan Magne Langedal ta med seg heim etter kampen.

I morgon har trenarene sjanes til å vinne igjen, då er det snakk om a-laget sin fyrste kamp for sesongen og jakta på trepoengarar: Tambar-Loen søndag kl.15.00 på stadion.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse