Tipp resultatet i kampen Tambar-Loen - vinn Peppes Pizza!

Fyrstkomande søndag blir det full rulle på Naustdal stadion, då a-laget sesongåpnar mot Loen og poengjakt i årets 5.divisjon.
Trenar Jan Magne Langedal og laget hans har hatt ein god progresjon i treningkampane i vinter, og har blandt anna vunne dei tre siste mot divisjonskollegaer i avdeling 1. I tillegg har Tambar ein forholdsvis brei tropp, der ein tel nitten spelarar.

Korleis trur DU det går i sesongpremiera til Tambar? Vil laget fortsette der dei slapp i vintenens treningskampar, og dreg seieren i land mot Loen?

Bli med å tipp resultatet av kampen. Om du treff rett, kan du stikke av med ein god,saftig og valgfri pizza frå Peppes.


TIPP RESULTATET I KAMPEN TAMBAR-LOEN

Les mer: Tambar-Kvissen


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse