Leiaren i Tambar Fotball dømmer historisk kamp på stadion fredag

Tambar Fotball sitt smågutelag, G13/14, sparkar fredag igang den aller fyrste seriekampen i 9er fotball som er spelt på Naustdal stadion. Laget møter Førde 4, og trener Svein Arne Nordheim og laget hans er nok spente til den historiske kampen som startar kl 18.00.

Og det er vel ikkje meir å vente at leiaren for fotballgruppa i Tambar Fotball, Bjørn Hundershagen, vil være med å markere den historiske begivenheiten på stadion. Ikkje er han berre fotball-leiar og framragande kokk, karen har også ei fortid som ein habil dommar. Difor ikler han seg den svarte dommardrakta si fredag ettermiddag, og skal lose laga trygt igjennom 2x35 minuttar, i ein forhåpentlegvis spennande og fair play fotballkamp.

Vi oppfordrar folk til å møte opp kl.18.00 for å bivåne den historiske kampen. Og som på alle kampar på Naustdal stadion, er vaffelbua åpen også under denne kampen.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse