Daniel fekk speletid då Førde tapte mot Bærum i dag

Naustdalsgut og tidligare Tambarspelar Daniel Grimset Kvalvågnes fekk spelt dei siste ti minutta i 2.divisjons-kampen Bærum-Førde i dag. Han kom inn då stillingen var 3-1 til vertane.

Bærum leda 1-0 til pause, og scora ytterliggare fire gonger i andre omgang. Hafsås reduserte til 1-3 for Førde, der Bærum altso vann med konfortable 5-1.

Uansett om det vart tap for våre venner i aust, ynskjer vi dei lukke til vidare i sesongen. Ekstra stas tykker vi det er at 16 år gamle Daniel får eit innhopp i dagens kamp!

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse