Kampar på Naustdal stadion neste veke

Fotballsesongen nærmar seg med stormskritt for Tambarlaga, og neste veke vert årets første seriekamp spelt på Naustdal stadion. Smågutelaget og trenar Svein Arne Nordheim skulle engentleg ha spelt første kampen tirsdag 16.april, men kampen mot Førde er flytta til fredag 19.april kl.18.00.

I tillegg til smågutekampen, er det planlagt to treningskampar denne veka.

A-laget møter divisjonskollega Gaular til siste finpussen før seriestart, og laget spelar sin første treningskamp på heimebane i år. Spelarane til Jan Magne Langedal har vist bra takter i sine seks tidligare treningskampar i år, der dei to siste har enda med 3-0 seier mot Askvoll/Holmedal og 4-0 mot Kaupanger 2.
Vil du sjå Tambar i det som mest truleg vert den siste treningskampen før sesongen startar mot Loen 28.april, minner vi om at treningskampen mot Gaular starter kl.19.15.

Den andre treningskampen denne veka er det samarbeidslaget gut 15/16 Eikefjord/Tambar som spelar. Laget, med trenarane Per Øyvind Storevik og Torbjørn Hopen, møter Gaular torsdag kl.19.00.
Laget har spelt fleire treningskampar i år, men på torsdag spelar dei sin første treningskamp på Naustdal stadion.

KAMPAR PÅ STADION:

* Tirsdag 16.april: 5.div Tambar-Gaular (treningskamp)
* Torsdag 18.april: G15/16 Eikefjord/Tambar-Gaular (treningskamp)
* Fredag 19.april: SMG Tambar-Førde 4 (seriekamp)


SESONGENS KAMPAR PÅ NAUSTDAL STADION:

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse