Treningstider på Naustdal stadion

Sjølv om det det la seg litt snø på den nymåka i natt, reknar vi med at den vil tine og forsvinne ganske kjapt att.

Etter at bana vart måka torsdag kveld, hadde fleire lag sin første trening på kunstgraset fredag kveld. Tilbakemeldingane frå spelarar og trenarar var at det var rimelege bra forhold for trening, sjølv om bana var noko har av telen som fortsatt ligger i grunnen.
Ifylje værmeldingane framover, vil det fine været halde seg, og vi trur at treningsforholda vil fortsatt halde seg bra.

*Det er no sett opp treningstider for Tambarlaga, der miniputtane etter planen startar allerede mandag fyrstkomande. I tillegg er alle kampane til Tambatlaga lagt inn i kalenderen.

*Samarbeidslaga til Tambar/Eikefjord i klasse J15/16 og G15/16 er sett opp med ein trening på Naustdal stadion framover. I tillegg vil desse laga også ha treningar i Eikefjord denne sesongen.

*Om det er lag som planlegg treningskampar framover, er det viktig at ein prøver å legge desse i treningstida til laga. Om dette vert vanskeleg å få til, må det avtalast med trener/oppmann for lag det berører.

Underteikna skal ha beskjed om det vert bytte av treningstider. Treningskampar skal meldast inn til og registrerast av underteikna.
Kontakt med underteikna får ein på tlf. 95796041 (Frank)

Treningstider og kampar finn du her:

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse