Bli med å få bana snøfri - torsdag kl.18.00

Det vert dugnad på Naustdal stadion i morgon (torsdag) der det skal fjernast snø og is som ligg på kunstgraset.

Ein vil tru at alle aktive spelarar på samtlige Tambarlag er interessert i at bana vert klar til trening og kamp, og ein oppfordrer difor ALLE spelarar, trenarar, oppmenn og andre til å være med å få fram den grønne bana igjen.

Hovedsakleg skal det hakkast og brytast opp is, så det er fint om ein tek med seg egna redskap til dette. Mest truleg stiller banestyret med motorisert redskap for å få is og snø ut av bana.

MØT OPP PÅ STADION I MORGON (TORSDAG) KL.18:00 !!!!

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse