Enno ei stund før bana er klar for trening og kamp

Kunstgraset på Naustdal stadion ligg fortsatt dekka av snø og is, og laga til Tambar Fotball må nok fortsatt smørje seg med tolmodigheit ei stund til før dei kan entre bana til trening.

Med mildvær dei siste dagane rann det godt i kummane rundt bana då underteikna var oppom i dag, men med kalde netter framover vil det ta tid før kunstgraset dukkar fram. Sjølv om Vonen var oppom og pøsa på med lageret av salt i dag tidleg, vil vi nok ikkje sjå kunstgraset klart til fotball før om eit par veker.

Vi får tru banestyret har ein god plan framover, då det også nærmar seg faretruande sesongstart for Tambarlaga. Alledere 16.april går den første terminfesta kampen på stadion, då smågutelaget møter Førde 4.

Bildet av Naustdal stadion er teke i dag.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse