Tippeligaen: Sogndal møter Tromsø i morgon

Bilde: Sidy Sagna, treningskamp mot Godset. Foto: Rune Sjøberg.

Tippeligaen er allerede i gang etter at Viking tok skalpen på Moldegutane fredag kveld i den fyrste kampen i årets Tippeligasesong. I morgon fylles forhåpentlegvis Campus til bristepunktet (!), då heimelaget tek imot ishavsbuarane frå Tromsø til kamp. Etter mykje problem med undervarmen på Fosshaugane Campus, skal dette no være i orden og banetilhøva skal ikkje være noko å utsette på.

Sogndal signerte ny spelar fredag kveld, då Sogndal og St. Etienne vart einige om overgangen til Sidy Sagna. Sagna, som kjem frå Senegal, er tiltenkt ein posisjon som midtbanespelar, der dei defensive ferdigheitane hans er høgt verdsett.

Sogndal starter sesongen med heimekamp på Fosshaugane Campus i morgon, søndag 17.mars kl.18.00.

KJØP BILLETTER: http://www.sogndalfotball.no/ticket-information

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse