Flott innsats av Tambarlaga i KM - G14 med 4.plass

Bilde: Martin har scora mot Sogndal i bronsefinalen.

Tambarlaga gjorde ein flott figur under KM-sluttspelet i Nordfjordhallen lørdag, men berre det eldste smågutelaget, G14, makta å ta seg vidare til sluttspelet.

G14 enda til slutt på ein flott fjerdeplass, og tapte bronsekampen knepent 2-1 mot Sogndal. Knepent tap vart det også i semifinalen, der laget tapte 5-4 mot Tornado/Måløy.

Finalen vart spelt mellom Florø og Tornado/Måløy, der Florø vann 6-5 etter staffesparkkonkurranse.

Bilder frå KM-sluttspelet kjem etterkvart.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse