Tambargutar på kretssamling i dag - sjå bilder

Sogn og Fjordane Fotballkrets hadde i dag samling av Kretslag for Gut 99 på Eid. 18 spelarar fordelt på klubbar frå fylket møttes til treningsøkt og kamp mot Eid sitt G98-lag, som vart kretsmeister sist sesong.

Tambar Fotball hadde fått med tre spelarar til dagens samling. Marius Storevik måtte melde avbud på grunn av skade, medan keeper Markus Hjelle Cirotzki og midtbanespelar Elias Rognebakke repesenterte Tambar Fotball.

Kretslaget hadde problem med dei eldre gutane frå Eid i første omgang, spesiellt forsvaret fekk det tøft mot fysisk sterke og samspelte Eidgutar. I andre omgang løfta kretslaget seg fleire hakk, og spela jamt med dei eldre gutane i store delar av andre omgang.

Begge spelarane frå Tambar Fotball spela ein omgang i dagens kamp på Eid, som enda med 6-0 seier til Eid G98.

SJÅ BILDER FRÅ KRETSSAMLING G99 PÅ EID:

Les mer: Bilder 2013


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse