Tambar Fotball med heile fem lag til KM-sluttspelet

Ikkje så overraskande fekk Førde flest lag kvalifisert til årets KM-sluttspel i Nordfjordhallen 2.-3.mars etter helgas KM-kvalik.
Men innsatsen og prestasjonane til Tambarlaga i helgas kvalifiseringsrunde skal vi ikkje kimse av, og spelarar og trenarar kan være stolte og kry, og slå seg på brøstet, over at Tambarfotballen på ny har markert seg og stiller med heile fem lag til sluttspelet i Nordfjord første helga i mars. Tambarlaga er Gut 13, Gut 14, Jente 13, Jente 15/16 og Junior Menn.

Fordelinga av Sunnfjordlag som deltek i KM-sluttspelet ser slik ut:

Førde 12
Tambar Fotball 5
Florø 4
Askvoll/Holmedal 3
Gaular 3
Eikefjord 2
Jølster 1
Atløy 1


Klassane spelar slik:

LØRDAG 2.mars: Gut/Jente 13 og 14 år og Jenter 15/16

SØNDAG 3.mars: Gut 15/16 og Junior Damer og Menn

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse